tirsdag 3. oktober 2017

Bulandet

Siste helga  september var det Stormsamling i Bulandet. Veret var supert, med gode temperaturar og ein del sol. Oskar, son min, var også med ut denne gongen. Han reiste ut fredag og eg reiste ut laurdag morgon.

Under brua ved Gjørøyna:




Ute ved Sandøy, traff eg dei andre. Då tok Roger og eg med oss gutane våre, for å la dei få leike litt i bølgjene. Vi måtte berre finne nokre høvelege.




Vi fann til slutt ein stad som var trygg og fin å leike på..

















Gutane hadde veldig god balanse, men nokre gonger måtte dei likevel ut av kajakken. Då fekk dei trena eigenredning i bølgjer. Noko dei meistra godt.








































Etterkvart vart dei så slitne, at dei ville inn att. Men dei ville sjølvsagt hoppe frå berga først..



Søndag var Erlend og eg ein tur rundt i sunda i Bulandet.


Bruene ligg veldig fint i terrenget her ute..








Så var det inn att med 16:15- ferja til Askvoll.

1 kommentar: