tirsdag 20. juni 2017

Dykking/snorkling/ bading med Friluftskulen Barnas Turlag/ Ung- gruppa i Askvoll!

I dag har eg vore med på å halde kontroll på ungar/ ungdom som skulle lære litt om fridykking. Tilbodet var ein del av Friluftskulen.

Det var også høve til å prøve kajakk, både enkle og doble.







Her har første gruppa fått på seg draktene. Det var faktisk litt arbeid (sjølv med såpevatn)....



Slik ser kajakkpadlarar ut, frå eit fiskeperspektiv...



Utruleg praktisk med klatrepark rett utanfor padlehuset ;-)





Litt frå livet under overflata:










 Gruppe to:










Ein kjekk dag ute for barn og ungdom i Askvoll. Vidare i veka skal dei også ha gåtur,  fisking, klatring og overnatting ute i telt..

søndag 18. juni 2017

Grunnkurs i Bulandet med DNT

Helga 17. og 18 juni var eg med å halde grunnkurs i Bulandet for DNT Sogn og fjordane.

10 stk i ulike aldre hadde meldt seg på dette kurset. Jørn- Magne H. Larsen var hovudkurshaldar og Anne Grethe Lien var assistent/ hospitant.

Først utdeling av utstyr og kajakk, tilpasningar og tørrtrening på å løsne trekket, på land:



Ein spent gjeng laurdag morgon..



Så ut i kajakk..






Anne Grethe er nesten alltid blid! :-)



Utover på laurdagen var det etterkvart vind opp i kuling styrke og mykje regn. Så det vart noko surt for deltakarane..


Her Jørn- Magne mot vinden.



Vi avslutta laurdagen med eigenredning og kameratredning. Og litt psykologi .-)


Det var ein kald og sliten gjeng som gjekk på land laurdag ettermiddag. Det tek på, for nybegynnarar (og andre) å padle i så sterk vind som vi hadde den dagen.

Om kvelden var det middag hos Liv Turid i Floren. Ulike matrettar vart servert, i tilleg til dessert og kaffi. Og om det var godt? Og gjorde godt? Gjett om!


På søndagen var det heldigvis roa seg såpass ned, at vi fekk padla ein tur ut mot Kjempeneset.



Viktig å halde saman som gruppe, når vi skal padle i lag.









Ved kyrkja ved Kjempenest.






Anne Grethe og deltakarane:



Jørn- Magne:



Vi hadde med oss nokre ungdommar også. Og dei må jo få lov å leike :-)



Kva er det du prøver på her, Håvard?



Ved kyrkja er det nokre murar som passar bra til manøvreringstrening..



Alt under oppsyn av desse (Svartbak?):


Denne var spesielt interessert i kajakkpadling..



Ved kyrkja var det gudsteneste.





Og kva stad er meir logisk å ta lunsjpause på, enn på Middagsholmen..







Snart klar for siste del av kurset, badedelen:






Erlend:





Ein av dei viktigaste tinga ein lærer på grunnkurset, er kameratredninga:



Her Erlend og Håvard i aksjon:






Vi trente på redningar på veg innatt mot Gjørøyna.






Kari og Kristin:



Knut skal redde:



Så var det på land og rydde/ vaske utstyr og pakke saman.

Deltakarane (Foto:Astrid Kalstveit):



Kurshaldarane (Foto:Astrid Kalstveit):



På ferja innover var det utdeling av våttkortet med grunnkursoblat. Her er det Atrid Kalstveit som får utdelt kortet sitt ;-)


Ei kjekk helg med kjekke deltakarar og dei andre kurshaldarane!

Ein spesiell takk til Liv Turid som alltid tek i mot oss med opne armar, og som serverar oss fantastiske rettar gjennom heile helga.

Kart over Bulandet

Sogn og Fjordane Turlag si sak om helga