søndag 7. mai 2017

Overnattingstur med dykking

Fredag ettermiddag fekk eg med meg dei to minste på ei overnattingstur til Sandvika. Denne stranda ligg fem minutts køyretur herfrå, og det er berre eit par minutt unna vegen. Difor kunne vi ta med oss mykje, og eg kunne også ta med dykkeutstyret.

Lurt å gjere teltet klart først..




Det fine med å vere på stranda, er at ein ikkje treng å sysselsetje ungane. Her er mykje spennande å finne på. Og når det er rennande vatn i elva, ein kulp og hav med bølgjer, då er det berre fantasien som set grenser.



Pølsegrilling på bål, må til.






 Det vart ein fantastisk kveld, med lite vind og fin temperatur.



God terapi å sitje og glo inni bålet.



Neste morgon starta vi med frukost. To pølser på steikepanna, som hadde overlevd kvelden før.



 Så dykking!



 Sikta har blitt mykje dårlegare no på våren enn den var i vinter..



 Den blinkande maneten igjen.



Vanleg glasmanet er ikkje så vanleg å sjå lengre.









 Litt yngel å sjå. Eg såg også ein og anna blåstål og berggylt.






Og då eg var ferdig, var det veldig praktisk å leggje seg rett ned i ferskvass- kulpen..




Og der fann eg også RINGEN! My Precious...




Så var det berre å pakke ned leiren, og bevege seg heimover..


Veldig fin tur, med kjekke jenter!

2 kommentarer:

  1. Så flott tur! Artig å få jentene med, da, selv om det ikke ble padling. Veldig kjekt med undervannsbilder også. :)

    SvarSlett
  2. Eg trur eg dauda! Kliss likt Gollum! :D

    SvarSlett