fredag 26. august 2016

Raudøyna

Så vart det endeleg tur igjen! Denne gongen til fyret på Raudøyna nord for Atløy. Solnedgangen på denne tida kan vere veldig fin i dette området. Det var den også i kveld..















Eit ganske bra bilete, hadde det ikkje vore for den dråpen på linsa i midten..



Sjølvutløysaren vart også brukt..












Fyret på Raudøyna. Her var det så mykje småfluge og mygg, at eg kunne ikkje vere lenge på land..






Heimatt, vart det ganske mørkt. Mykje morild i sjøen i kveld! Trengde nesten ikkje lyset på vesten.


Fin seinsommartur i vakker natur..

søndag 21. august 2016

Introkurs med tyske turistar


Søndag 21. august heldt eg eit introkurs for fem tyske turistar som hadde meldt seg på Timo Peters sin " ‪#‎Fjordchallenge‬" veke.  Bloggen til Peters finn ein HER.





Ein glad, lærevilleg gjeng!



Vi var igjennom det mest grunnleggjande innan padling denne dagen, og vi padla inn til Straumsbrua. Tilbake på stranda vart det ei lita pause, før vi avslutta kurset med ei lita treningøkt på redninga.



Vi var veldig heldig med veret denne dagen. Omtrent vindstille og rundt 20 gradar.



Eit veldig kjekt kurs å halde, med glade og takknemmelege turistar. Og om det skulle vere noko tvil, så likte dei Noreg veldig godt....:-)

Bianca Gade sin versjon av dagen, kan du lese om HER.

søndag 14. august 2016

Surfesymposiet i Hoddevika

Her er artikkelen om Surfesymposiet i palmehelga i Hoddevika, som stod i siste utgåve av bladet; Padling: Surfesymposiet i Hoddevika