søndag 1. mai 2016

7- fjellstur på Askvoll- halvøya

I dag var eg med på Indre sunnfjord Turlag sin 7- fjellstur her i Askvoll. Ruta var slik:

Blåfjell - Eggjene - Hjartåsen - Smørkletten - Eggjene - Kultingane - Fristadfjellet.

Veret var bra, men litt kald vind på toppane.




Her er vi kome opp på første fjellet; Blåfjellet!








Så gjekk turen vidare til Eggjene (Eller: "TMFKAS": The mountain formerly known as "Siktanuten", men det er feil, fordi det er ein annan stad litt lengre nede...)



Dobbeltbasseng; ferskvatn framst og saltvatn bakarst



Siktanu... nei: Eggjene!





Her er vi på veg ned frå Eggjene og over til Hjartåsen.







På veg opp mot Hjartåsen




Hjartåsen!



Lunsjpause ved foten av Hjartåsen.



...og nokon treng meir omsorg enn andre..



For å kome til Smørkletten, må ein gå ned forbi Askvatnet.




På veg opp mot Smørkletten.



Smørkletten!




Utsikt nedover mot Askdalen.



Heile gjengen samla (Foto: John Lien)


Utsikt utover mot Stavfjorden.




Her har vi kome på andre sida av Askdalen, og ser ned mot Eidsfjorden.




Så gjekk turen vidare bortover mot Kultingane.






Kultingane!





Og til slutt; Fristadfjellet!



Her er eit kart som viser området vi gjekk i. Vi følgde fjella på vestsida innover  til Smørkletten, og så gjekk vi tilbake på austsida, mot Fristadfjellet.



Litt høgder og avstander (Foto: John Lien)


 Ein lang tur, men i fint tempo og i flott natur!

Takk til dei flinke guidane; John Lien og Svein Follevåg.