tirsdag 27. desember 2016

Første dykk med nytt utstyr!


Då var det endeleg klart for første dykk med nyinnkjøpt utstyr frå Frivannsliv. Dette var det som følgde med i "Fridykker Pluss- pakken":



Det følgde med 5 kg bly, men eg prøvde med 4 kg i blybelte i dag. Og det var kanskje litt lite..



 Klar for dykking..




I dag var det litt grumsete i sjøen, på grunn av alt ferskvatnet som har kome dei siste dagane..(og kanskje på grunn av stormen i går; "URD")






Litt flekkete botn her. Varierar mellom sandbotn og steinbotn.



Det er vanlegvis ein del straum gjennom her, men i dag var det ganske roleg. Midt i bilete, er Hurtigruten som segla indre lei i dag.





Ny sveis..







Lite fisk å sjå i dag. Ein og anna, men dei forsvann fort. Mykje skarv!




Å dykke, er ikkje ingen sjønnheitskonkurranse ;-)




Rur og konelurar




Små anemoner





Store anemoner















 Sjøstjerne (Her brukte eg blitz...)



 Undersida..








Ferja kom igjennom, og dei lurte kanskje litt. Men dei er heldigvis van med at folk ligg og baksar i sjøen. Anten med, eller utan kajakk



Mennesker med gode idear? Litt synd når miljøstasjonen ligg 500 meter unna...



Elles var det veldig kjekt å dykke i dag. Litt kaldt på fingrane, elles opplevdes det ikkje som kaldt. Det var eigentleg mest snorkling, men nokre dykk vart det. Eg fekk inn litt vatn mellom buksa og jakka. Og maska burde sikkert vore strammare.. Elles fungerte alt utstyret perfekt, men eg har bestilt ankelvekter for å kome litt djupare ned med beina. Det er ein fordel for å kome lengre ned når du skal bruke svømmefinnane..

Og så ser eg at fridykking kombinert med kajakkpadling, kan bli ein super kombo! Eg veit om mange fine plassar rundt her..


søndag 20. november 2016

Fridykkarkurs 19. og 20. november


Eg har lenge tenkt på å ta eit fridykkarkurs, og denne helga vart det endeleg sjanse for det!

Vi starta kurset laurdag morgon med ei teoriøkt. Instruktør for kurset var Birger H. Fatland, og kursstaden var Sunnfjord Folkehøgskule.


I teoridelen gjekk vi i gjennom ein god del nyttige ting å vite i forhold til trykk, pusteteknikk og til slutt litt om undervassjakt med harpun.

Slutten av teoriøkta vart brukt til å gå i gjennom utstyr som vert brukt i fridykkinga.


Laurdag ettermiddag var vi i bassenget i Førdehuset og gjekk i gjennom dei ulike framdriftssparka og redningsteknikkar. Då hadde vi alt utstyret i bruk, utanom hanskar og drakt.

Vi skulle også dykke ned på fire meters djupn. Sjølv om ikkje det er særleg djupt, kjende eg det godt i øyrene. Sjølv med å utlikne (presse luft ut i øyrene) kjende eg det godt i begge øyrene på det djupaste..


Søndagen var det " the real thing". Sjødykk med fullt utstyr. Her har eg kledd meg opp med drakt, maske og snorkel..


Her er Yngve klar for dykkinga. Då er også blybelte, hanskar og svømmefinnene på. I tillegg hadde vi sikkerheitsline og bøye, for å varsle båtar om at det foregår dykking i område.








Veldig mykje artig å sjå. Dessverre ikkje verdas beste kamera, men bileta gjer eit viss inntrykk over livet i sjøen..Slike manetar var det mykje av!




Å svømme oppned, var også ein ting vi trente på.




Vi skulle også øve på å dykke ned, ta av beltet, og gå oppatt. Det er viktig å øve på dette, i tilfelle det oppstår ein nødsituasjon, der vi må ta av beltet for å kome oss fort opp. Med så mykje oppdrift i drakta, er det heilt nødvendig å ha på blybelte for å kunne klare å dykke ned.

Etter at beltet var løsna brukte vi lina (som var festa i beltet) til å dra beltet opp. Då skulle vi også øve oss å ta det på att, i sjøen. Det var ikkje så lett, men gjekk greitt etter litt øving..


Nokre lodd sklei av beltet då vi skulle dra opp beltet. Her er Øyvind på veg ned for å hente lodda som hadde sklidd av.








Eigentleg finast med fargane der det ikkje er så djupt..



















Desse tre bileta er av meg, som prøver å svømme oppned..








Denne fann eg på berre ein meters djupne.




Her var staden vi var søndagen:


Og her er heile gjengen (- fotografen):


Utruleg kjekt kurs, hyggjelege folk og fantastisk område å dykke i. (Flokenes i Askvoll kommune)  Eg kan absolutt anbefale eit fridykkarkurs, og eg kan absolutt anbefale kurs med Birger (Sunnfjord folkehøgskule) som instruktør. Ein veldig grundig og flink instruktør, som guida oss gjennom alle teknikkane på ein flott måte.

Og dette gav veldig meirsmak. Må nok kjøpe utstyr og kome meg i sjøen igjen. :-)

Takk til Birger for super kursleiing, og dei andre deltakarane for to flotte dagar!