I helga hadde eg fire spreke deltakarar på grunnkurs her i Askvoll. Her klare til å padle, etter litt tørrtrening på å løyse ut trekket:
Laurdag var det så pass mykje vind på Øyra, at vi i starten var inne i båthamna, for gjennomgang av dei ulike teknikkane.
Ann Kristin i godt driv!
Veronica og Arne:
Her etter redningsøvingane på laurdagen:
Søndagen roa det seg ned med vinden, slik at vi fekk oss ein lengre tur.
På veg innover mot Kyllaren:
Etterkvart klarna det opp og vart ein flott dag!
Gåsefar med ungeflokken etter..
På veg ut att mot Øyra:
Vi avslutta kurset på søndagen med nok ei treningsøkt med redningar. Olai har god kontroll på "cowboy- redninga":
Ann Kristin også:
Noko av det viktigaste vi lærer på kurset, er kameratredning:
Alt i alt to fine dagar, med ein sporty gjeng!