tirsdag 12. august 2014

NM i grønlandsruller 2014- Del 1

På Stokkøytreffet i år fekk eg teke ein del videoar av nokre av dei mest avanserte rullene til dei to som kom på første og andreplass i herreklassen. ( 324 poeng til Pål og 323 poeng til Jon David)

 Reknar med at det er fleire som har glede av å sjå desse. Her er det mykje å lære! ;-)

Tusen takk til Pål Gustad og Jon David Jenssen som har gitt tommel opp til at desse kan publisert!

Eg har så mange småsnuttar at eg må dele opp i tre innlegg. Eg tek rullene i nummerert rekkefølgje. (etter denne lista) Eg har flest videoar med Pål. Det trur eg er fordi han låg litt nærmare under konkurransen. ;-) Også ein overvekt av venstreruller, ser eg. Det var jo stort sett  frå den sida eg filma i frå. Kvaliteten er ikkje heilt prima, men ein ser kva som foregår..

Første rulle er Pål Gustad sine "Spine roll" (nr 7), begge sider:



Denne tok eg med fordi eg sjølv har lurt litt på kva ein gjer med åra på slutten. Som videoen viser, er det greit å la åra liggje vinkelrett ut frå kajakken etter endt rulle, for så å ta den opp i utgangsposisjon.

Så er det Pål sin "Sculling roll with paddle held horizontal above backrest" (nr. 14)



Så er det Jon David sin "Sculling with paddle held under kayak", venstre side (nr. 16:



Same rulla av Jon David, men på høgre side:



Resten av rullene i dette innlegget er med Pål Gustad.

Så gjentakande ruller, først stormruller, høgre side (nr. 17):



Speed storm, venstre side (nr 17):



Så speed standard, venstre side (nr 18):



Speed standard, høgre side (nr. 18):






Neste del vil vere meir likt fordelt mellom Pål og Jon David, og vil ha med både norsaq- og mursteinsruller.

Stay tuned...






1 kommentar:

  1. Så flott at du fekk filma! Eg vart både solbrend og ihjelsvolten og måtte gje meg på å sjå dei, så d var kjekt å å sjå dei her likevel. Noterer meg at det ikkje ser ut t at dei "grev" seg ned att med åra på gjentakande ruller slik vi vart tipsa om på kurs, men d ser heller ut som dei legg seg i vanleg set up (fantastisk nynorsk) posisjon? Må forske litt på om d utjer ein forskjel i tid, trur eg....

    SvarSlett