lørdag 31. desember 2011

Askvoll- Holmedal

Etter julejammen i Holmedal, vart bilen ståande att der. Difor vart det ein padletur for å hente den. Turen tok omlag to og ein halv time. Første delen var prega av tette snøbyger.


Etterkvart vart det så dårleg sikt, at eg valde å leggje meg i ly og vente til det vart betre:


Snøvers- skyar gjev ganske fine mønstre:




Skarv på tørk:


Innover Dalsfjorden klarna det opp, og vart etterkvart fint. Her skifta eg også til grønlandsåra. Etter litt plopp og plask i starten, fann eg ein god takt innover fjorden. Til langturpadling, er grønlandsåra god.


Verket Pub på Vårdalsneset:


Litt kos må også til:


Inn mot Holmedal:


Helle knivfabrikk:


Dette vart den siste turen min i år. Håpar på mange flotte turar neste år også!

Godt nytt år til alle!

fredag 23. desember 2011

Vetlejulafta- tur!

I dag vart det også litt padling, før juletrepyntinga. Ingen turpadling i dag, men ei lita leikeøkt. Det var ikkje akkurat så store bølgjer, men når bølgjene frå båttrafikken slo seg saman med vindbølgjene, gjekk det fint å surfe på dei:



Her ein scullevideo:




Og sidan dette er siste innlegget mitt før jul, kan eg seie at sjølv om livet kan vere litt tungt og trist av og til, og nokre gonger sjå mørkt ut,


og det kan vere mange ting å gråte for,


vil det alltid vere ei lita stripe av håp..


Vi går mot LYSARE tider!


Til slutt vil eg ynskje alle som følgjer bloggen min, ei retteleg:  God Jul!

lørdag 17. desember 2011

Morgontur

I morgontimane i dag, var det fine forhold for padling. Då eg såg ut av vinduet klokka 9, bestemte eg meg for å dra ut. Noko ein aldri angrar på..


Sola har ikkje kome opp endå. Den ligg og lurar bak fjella.




Men oteren var vaken. Eit oterpar leika seg litt i sjøen, før dei begge lunta inn i skogen. Eg er imponert over kor mange (rare) lydar desse dyra lagar. Alt i frå piping, hvesing og klukking.


Her viser sola seg. klokka er 10.30..



Ein liten beinstrekk vart det også tid til. Men det var såpass surt, at noko lang pause, vart det ikkje.


Atløy i vinterdrakt:


På veg heim att, etter ein finfin start på dagen. Godt for kropp og sjel!


Flott å padle om vinteren!

mandag 12. desember 2011

Ny runde i fotokonkurransen

Då var det klar for ei ny runde i fotokonkurransen til Komplett Fritid. Temaet; vinter. Her er mitt bidrag:


Frå ei morgonstund i november i fjor. Viss du syns dette fortener ei stemme, kan du klikke her.

lørdag 10. desember 2011

Endeleg!

Endeleg vart det eit høve til å kome seg ut på sjøen att. Etter kajakkfiks og eit dårleg ribbebein (oldboys igjen..), var det fantastisk å kome seg i kajakken att.

Sola kom så vidt opp for å helse på.. Ikkje så lenge den viste seg i dag, men snart snur sola!



Eg gjekk i land på ei av dei mange fuglereservata (lovleg no),for å strekke beina og lage litt mat.

Veret skifta fort frå sol til regn:

Litt omelett stod på menyen. Veit ikkje kva som gjer det, men når eg er på sjøen (og har vore) er eg heilt vill etter egg! Trong for protein? Uansett, dette med å lage mat ute no på vinteren, er kos!

Med skive og einerøykt laks, vart dette eit herremåltid. Og utsikta, då....

Euroåre i dag. Kjenner meg meir konfortabel med å bruke denne no.

Denne skarven flaug rundt meg mange gonger. PR- kåt eller klassisk skarveoppførsel?

Med låg sol og flott natur, blir det mange fine motiv.



Ser at eit nytt spruttrekk må til snart.

Godt å kome seg ut på sjøen igjen! Du veit ikkje kva du går glipp av, Knut Nærum. :-)

mandag 5. desember 2011

Fotokonkurranse!

Her er mitt bidrag til Komplett Fritid sin fotokonkurranse:

Hunden vår, Balder (Shetland Sheepdog), ein fin haustdag på stranda:


Viss du syns dette bilete er verd ei stemme, klikkar du HER for å stemme! Fristen for å stemme, er søndag førstkommande. Takk for all hjelp! :-)