søndag 25. september 2011

Myte- knusar?

Eg var ein liten ettermiddagstur utpå i dag, for å trene litt teknikk og redning. Mykje av padlinga gjekk føre seg tett inntil land der eg øvde på kanting og diverse styretak.


Veret var slik som det har vore den siste månaden, grått og vått..

Eg har øvd litt i det siste på å ta trekket på kajakken under vatn, før eg rullar opp. Dette er ikkje spesielt vanskeleg å få til. Mykje handlar om å halde pusten lenge nok. Og sjå mest mogleg tåpeleg ut..



Men eg er litt i stuss på kva som eigentleg er vitsen med å ta trekket på under vatn. Eg trudde vekeleg det var større forskjell i kor mykje vatn som kom inn i sitjebrønnen.

Så mykje vatn kom inn, då eg tok trekket på før rulla:


Og så mykje vatn kom inn utan å ta trekket på først (Vanleg re- entre og rulle):

Det kan nok vere store forskjellar på kor mykje vatn som kjem inn, alt etter kva kajakk ein har. Men med denne kajakken (NDK Explorer), var forskjellen marginal.

Det kan vere at det uansett har sin misjon, viss faren for å få fyllt opp sitjebrønnen etter ein rullar opp, er stor. Td ved brottsjø og store bølgjer.

lørdag 17. september 2011

Padletur og insektsafari..

I dag hadde eg med meg eldstemann og ein annan gut på tur, innover leira.


Fin dag for padling!



Etter turen såg vi at det var mange sommarfuglar og andre insekt på treet utanfor klubbhuset vårt. Det kom ein søt, roten lukt frå treet. Det må vere denne lukta som tiltrekte seg alle desse krypa..


Eg prøvde å søke litt på nettet for å finne ut kva denne typen sommarfugl heiter. Men med over 4000 artar. var det ikkje så lett..



Kvepsen var også interessert i dette treet:

Og denne flua som hadde eit slags kobbarlys på ryggen:

Rart å sjå denne samlinga på eitt einaste tre.

søndag 4. september 2011

Test av nytt kamerastativ

Eg har lenge brukt eit kamerastativ på kajakken når eg har filma videoar. Dette:



Men problemet med dette stativet, som ikkje er meir enn 10 cm høgt, er at det kjem for lavt, og filmane viser eigentleg mykje rygg og lite anna. Difor har eg, i beste Reodor Felgen- ånd, laga eit som er høgare opp. Slik ser det ut:




I dag var det prøvetur for å teste om stativet heldt vatn.. Litt skitten sjø, etter dei siste dagars syndeflod. Først berre padling:



Godkjend!

Men ville det halde seg på plass ved øvingar der det kjem ned i vatnet? Svaret finn du her:



Konklusjon:

Inn att i verkstaden for å mekke meir. Føtene løsna frå der dei var plassert nedi nedsenkningane, ved taufeste bak. Her må eg nok feste dei på ein annan måte,. Sugekopp? Det positive er at barduneringa fungerte fint. Alle strammingar ned mot dekket heldt seg bra under heile testinga. Dette trur eg at eg skal få til på ein eller annan måte..

Og til slutt legg eg ved eit bilete av superkajakken over alle superkajakkar: