fredag 30. juli 2010

Padletur med Simbad rundt Møkalasset.

Torsdag 29 juli fekk eg besøk av Simbad frå padleforumet. Han heiter eigentleg Stein Erik Lid og var eit triveleg bekjentskap. Vi padla frå Øyra og rundt Møkalasset. Litt rulletrening undervegs og avslutningsvis.





Eg fekk også prøve kajakken hans, ein Valley Nordkapp LV. Ein lettrulla sak med litt manglande primærstabilitet. Han prøvde Marlinen min. Her litt sculling:



Her er ein vakker rulle utført av Stein Erik:

Stein Erik rullar Nordkapp LV

lørdag 17. juli 2010

Skjærgårdstreffet 2010

Fredag 16. juli var det aktivitetsdag for ungar på Øyra. Ca 100 ungar fekk prøve seg utpå i doble kajakkar. Mykje moro for padlarar i alle aldre..




Jørn Magne opp etter ei rulle:

Og; Det går faktisk an å rulle ein dobbel kajakk: ;-)

tirsdag 13. juli 2010

Innslaget i sommaråpent den 12.juli

Her er innslaget som vart sendt på sommaråpent på NRK den 12. juli. Ganske god reklame for padling, og spesielt for padling i Bulandet.

Padleinnslag frå Bulandet


Dagen etter dette opptaket vart gjort, var det endå betre forhold for surfing. Vinden hadde stilna noko, og det var meir forutsigbare dønningar frå havet.

Her er opptaka frå den dagen (dei fire første):

Surfevideoar frå tysdagen

Har veldig lyst til å kome meg ut igen og øve litt meir på surf.. Øving gjer meister.;-)
Torjørn har øvd mykje..

fredag 9. juli 2010

Bulandet- kontrastanes rike!

Nokre dagar etter klubbturen vår til Bulandet, tenkjer eg litt på kor fantastisk dette øyriket er. På den eine sida av holmar og skjær, kan det vere slik;

Og på den andre sida er det slik;
Heldigvis sat rulla denne gongen.

Store kontrastar med andre ord. Ein annan ting eg opplevde, var å bli føysa oppetter berget, då eg skulle slepe desse to ut frå brottsona;

Akkurat i det eg hadde fått feste med slepelina, kom det eit par bølgjer. Den første slengde dei to på land. Den andre slengde meg bortetter land. Kajakken treng ny gelcoat her og der, men verst var det med stoltheita. Det hjalp heller ikkje så mykje på den, at Torbjørn kom ut akkurat då, og fekk med seg heile det patetiske skodespelet.. ;-)


Eg har aldri kjent meg så hjelpelaus og liten. Har fått litt meir respekt for bølgjer som bryt mot land, ja. Men at det var ei nyttig erfaring å prøve redning i fire stjerners forhold, kan ingen kome i frå. Og i etterkant har vi forstått at det truleg hadde vore betre å få dei ut frå brottsona raskare, ved at dei hadde halde seg fast i kajakken min medan eg slepte.
 
Ein god dag på Bulandet, startar gjerne med ein snopetur på butikken, ut og leike seg i bølgjer (helst utan å få for mykje bank) og så avslutte med festmat i Floren (femstjerners forhold..) og noko attåt. Då kjenner ein at ein lever. Og ein set pris på at ein har gode vener både i bølgjene, og på kvelden. Og om tre månader er det Stormsamling..

onsdag 7. juli 2010

Klubbtur til Bulandet

Den 5. og 6. juli var eg med på ein klubbtur som vi i Askvoll padleklubb hadde til Bulandet. Måndagen vart brukt til å spele inn materiale til eit innslag om padling som skal sendast på NRK (Sommeråpent) måndag 12. juli.

Malene og Torbjørn:

Det vart også tid til å leike seg litt i bølgjene denne dagen, sjølv om forholda ikkje var dei beste. Litt "rotesjø"..

Oddvinn i sitt rette element:

Torbjørn med ein liten surf:

Tysdagen var det mykje betre forhold for surf. Då var det mindre vind og meir dønningar. Og i tillegg var det SOL!

Lise Lotte nyt livet:

Oddvinn og Roger analyserar:

Torbjørn testar Impex Hatteras:



Resten av bileta frå desse dagane ligg her

Videoar ligg her

lørdag 3. juli 2010

Basecamp i Gaular

Fredag 2.juli var eg med som instruktør på Turlaget i Sogn og Fjordane sin Basecamp i Gaular. Eg hadde med 14 enkle og ein dobbel kajakk.

45 ungdommar frå 13 til 18 år fekk prøve seg i havkajakk. Det vart berre ca to timar pr gruppe, så det vart mest fokus på framdriftstak, svinging og kameratredning. Veldig moro å ha opplæring for denne aldersgruppa. Mange talent, og dei var ikkje redde for å bade.








NRK var også innom å laga ein liten snutt om campen i programmet "Sommer- Norge i dag":