onsdag 30. juni 2010

Åreleiken

Isak, Oskar, Beate og eg var med på Åreleiken i år, helga 25/26. juni. Vi starta i Flåm, overnatta på Stokko til laurdag, før vi padla inn Nærøyfjorden og til Gudvangen. Vi brukte to doble. Ungane framme. Dei var flinke og var ved godt mot (nesten) heile vegen.


Fantastisk tur i eit fantastisk område.. Meir om denne turen kjem kanskje i eit anna medium enn denne bloggen..Time will show..

Ut frå Flåm



Slitne, men fornøgde padlarar..

tirsdag 22. juni 2010

Grunnkurs for ungdom.

Måndag 21. og tysdag 2.. juni hadde eg fem karar på grunnkurs. Vi var svært heldige med veret. Stort sett rolege forhold begge dagane. Det vart mykje padling og bading. Dei var svært ivrige på badinga spesielt..:-) Fleire bilete ligg her.






torsdag 17. juni 2010

Aktivitetsveka 2010


Måndag 14.juni til onsdag 16.juni var det aktivitetsdagar på Øyra. Då fekk ca 60 elevar prøve både enkle og doble kajakkar. Måndag var det ganske mykje vind, så det vart ein del sleping. Fleire bilete ligg HER

Fint ver, men ein sur nordavind.

Stille kveld på sjøen.

Onsdag kveld, 16. juni fekk vi barnevakt slik at vi kom oss ein tur utpå sjøen. Det var ein svært så stille kveld, med litt yr og skodde. Vi fekk padla ein tur til fyret på Eimind og etterpå trente vi litt på kameratredning. Greitt å halde vedlike. Neste veke er det Åreleiken..

 Into the mist..

Nokre har peng og er (kanskje) lukkelege..

 Medan andre er berre lukkelege..


Målet for turen: Fyret på Eimind!

torsdag 3. juni 2010

Klubbtur

For ein gongs skuld, klarte vi i klubben vår å samle ein liten gjeng til ein fellesøkt. Det var Lene, Kjell, Roy Ove og meg. Etter litt rulletreningm, vart det ein liten tur.


Roy Ove og Kjell:



Lene:



Roy Ove testar grønlandsåre: